Du må lære meg alt.Solveig og Vegard tek over garden til foreldra hans etter at faren får slag. Det er ei avgjerd som tvingar seg fram under dramatiske omstende, men Solveig, som ikkje har gardserfaring, kjenner seg likevel trygg på at dei har gjort det rette. Ho legg merke til ei endring i Vegard. I fjøset er han ikkje redd. Og frå utsida ser den vesle mjølkegarden riktig så idyllisk ut.På nabogarden bur barndomskompisen Sveinung, som har lagt over til moderne lausdrift for lenge sidan. Sveinung er stadig innom etter at dei overtek, både Vegard og Solveig trivst godt i selskapet hans. Gradvis blir likevel besøka færre. Solveig stansar han ute på trappa, ho har lovt Vegard å halde tett. Vegard treng hjelp, og Solveig er fast i trua på at ho skal klare å hjelpe han. Aleine.Tynne rivner av lys er ein roman om kor vanskeleg det er å hjelpe nokon som ikkje vil ha hjelp, om psykisk uhelse blant bønder, og om korleis også håp og optimisme kan få fatale følgjer.
Historisk lav pris
Den laveste prisen vi ser nå er den laveste vi har registrert for denne boken. Det kan være et godt tidspunkt å kjøpe.
| Bokhandel | Pris fra | Pris oppdatert |
|---|---|---|
![]() | kr 369,-Laveste pris | 30.05.2026 |
![]() | kr 390,- | 30.05.2026 |
![]() | kr 390,- | 30.05.2026 |


Tilgjengelig fra kr 390,-
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår.