"Lorden" er ein oppslukande og urovekkjande roman, mørkt lysande og full av vrimlande menneskeliv. Saman med "Tollak til Ingeborg" og "Du er så lys" dannar den ein trilogi av psykologiske mysterieromanar om utsette og desperate menn.Jon Magne Moi er pensjonert lærar og entusiastisk formann historielaget i bygda. Ein dag finn Jon Magne ei ung jente i snøen. Det er den lokale barnestjerna som ligg der, forslått og medvitslaus. Jon Magne er overtydd om at han veit kva som har skjedd, og no skal han konfrontere den skuldige.Kven i bygda står bak ugjerninga? Og kva er det denne mørke hendinga vekkjer i Jon Magne?Tore Renberg er ein meister i å ta oss med over terskelen og inn i det krakelerande menneskesinnet. I "Lorden" kombinerer han litterær dristigheit og språkleg fingerspisskjensle med stor omsorg for det menneskelege. Eit djuptpløyande og intenst mannsportrett, skrive med ei særeigen psykologisk innsikt.
Historisk lav pris
Den laveste prisen vi ser nå er den laveste vi har registrert for denne boken. Det kan være et godt tidspunkt å kjøpe.
| Bokhandel | Pris fra | Pris oppdatert |
|---|---|---|
![]() | kr 129,-Laveste pris | 02.06.2026 |
![]() | kr 129,-Laveste pris | 02.06.2026 |
![]() | kr 229,- | 02.06.2026 |
Tilgjengelig fra kr 229,-
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår.