Kor mykje gras finst det eigentleg i verda? Svaret er: utruleg mykje. Ville grasmarker dekker ein tredel av jordas landoverflate, og dei tamde grasartane gjev oss nesten halvparten av maten vi et – frå kveite, havre og ris til mais, sukker og øl. Gras gjev oss mjølk, kjøt, skinn og torvtak, det held oss mette, varme og tørre, bind karbon, bygger biologisk mangfald og limer saman dei komplekse økosystema vi lever i.Men graset er under press. Klimaendringar, jordbruk og folketalsvekst trugar dei ville grasslettene, som berre finst att i ein femdel av sitt tidlegare omfang. Å ta vare på graset er å ta vare på livsgrunnlaget vårt. Gras er òg ein del av forteljinga om oss sjølve. Alle ber vi på lukter, lyder og kjensler som vekkjer minnet om gras, frå grønske på kneet til lukta av tørrhøy, fotballbaner eller endelause grassletter. Utan gras, ingen menneske.Grasboka er ei reise inn i denne stille, men livsviktige historia: om korleis graset formar planeten vår, korleis menneske lever med det og kvifor vi aldri kan klare oss utan kvarandre. Å lytte til graset kan vere vegen vidare for samspelet mellom menneska og naturen.
Historisk lav pris
Den laveste prisen vi ser nå er den laveste vi har registrert for denne boken. Det kan være et godt tidspunkt å kjøpe.
| Bokhandel | Pris fra | Pris oppdatert |
|---|---|---|
![]() | kr 399,-Laveste pris | 02.06.2026 |
![]() | kr 399,-Laveste pris | 02.06.2026 |
![]() | kr 399,-Laveste pris | 02.06.2026 |

Tilgjengelig fra kr 399,-
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår.